Advokatfirmaet Responsa AS - avd Skjold

Din advokat i Rogaland.
Vikevegen 36, 5574 Skjold (Vindafjord, Rogaland)

Me tek på oss oppdrag innanfor dei fleste juridiske felt og har som mål å bli eitt av dei beste advokatkontora på Vestlandet innanfor fleire rettsområde. Våre advokatar er tilsett på grunnlag av gode juskarakterar og gode personlege eigenskapar. Dette skal visa att i eit kvalitativt godt arbeid for våre klientar. Om lag halvparten av advokatane våre arbeider hovudsakleg med forretningsjuridiske saker, der selskapsrett, insolvensrett (konkurs/gjeldsforhandling), entrepriserett og fast eigedom er mellom våre satsingsområde. Me har også omfattande kompetanse og erfaring innanfor barne-, familie-, barneverns-, straffe-, arve-, utlendings- og forvaltningsrett.

Vis mer Vårt mål er å sette i saman våre ulike styrkar slik at me til saman vert eit ”lag” som skal kunne hjelpa personar og nærlingslivsaktørar på ein slik måte at summen av vår kunnskap og kompetanse gir eit resultat som vår klient er meir enn nøgd med.

Våre klientar skal føle at dei er blitt ”teken hand om” av våre medarbeidarar i labyrinten av reglar i dagens komplekse samfunn. Me set høg kvalitet og etikk i sentrum samstundes som me heile tida skal ha fokus på dei menneskelege aspekta ved ei sak slik at klienten skal sitja att med ei oppleving av at det å søkja hjelp hos oss var ei god investering for å få førebyggja eller løysa eit rettsleg problem eller tvist.

Me meiner det er umogleg for ein einskild advokat å vera spesialist i på alle juridiske fagområde. Advokatfirmaet Responsa AS satsar difor medvite på at den einskilde advokat skal få utvikla og vedlikehalda solid kompetanse innanfor sine nisjar.

Under omtalen av den einskilde advokat finn du informasjon om han eller hennar bakgrunn og spesialfelt.

Ta gjerne kontakt pr. telefon eller via e-post (adresse: responsa@responsa.no) for ein uforpliktande prat.

Advokatfirmaet Responsa AS - avd Skjold, telefonnummer:

Kontakt

Forespørselen ble sendt Forespørselen ble ikke sendt
Her kan du enkelt sende en forespørsel til leverandøren direkte fra 180.no. Det er viktig at alle felter fylles ut slik at du er sikret raskest mulig respons. Avslutt med å klikke på Send
Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, Googles Personvernregler og Vilkår gjelder.

Utvalgte arbeidsområder

Send til
din mobil

Informasjonen er sendt til din mobil
Åpningstider
    Ta kontakt på tlf eller mail
    Grunnet Coronavirus (COVID-19) kan åpningstider være mangelfulle.