Hande Gard-Fisk Rakfiskspesialist

Gardsutsalg: Rakfisk, fenalår, spekepølse, pinnekjøt eigne produkter m.m. Døgnåpent
Hande, 2960 Røn (Vestre Slidre, Innlandet - tidl. Oppland)

Rakfisk og spekemat m. m. har alltid vore ein tradisjon på Nedre Hande. Merkevaren Handes Rakaure har vi produsert sidan 1979. Vårt produksjonsanlegg ligg i vakre omgivelser,ved E16 ned til Slidrefjorden nord for Røn i Vestre Slidre Rakfisk frå Valdres er ein mattradisjon med røter heilt tilbake til 1600-talet, nokon meiner endå lengre. Ved å nytte dei same oppskriftene som den gong, kombinert med nåtidas krav til hygiene og sikker matproduksjon, får vi eit resultat som gjer rakfisk frå Valdres til ei delikatesse og eit begrep blant kjennarar.

Vis mer Handes Rakaure er produsert og foredla på Hande Gard i Vestre Slidre i Valdres.Ekte Valdres-fisk fra fjord til bord!
Velbekomme

Før og nå...
I gamal tid vart rakfisk produsert for å bevare maten over lenger tid. Dagens produksjon er ganske lik, og med moderne hjelpemidlar lager vi ein rakefisk med særs jamn kvalitet i smak og konsistens.


Auren blir fyrst rensa og vaska. Ved nedlegging blir fisken turrsalta med skinn og hovud på, og 1-2 døgn seinare blir spannet fylt etter med lake.


Gode oppvekstvilkår
Fisken går i reine sjølvrensande romslege dammar med rikeleg oksygenrikt vatn som strøymer slik at fisken får god mosjon. Omsorgsfull foring der alt blir lagt til rette for at fisken skal ha ein fin oppvekst, slik at den blir i passeleg hold. Foret består av pellets, der kvalitet og sporbarheit dekker våre krav. Det har aldri vore brukt medisin på fisken. Det er sjølvsagt kvaliteten på fisken som er sjøve grunnlaget for den gode rakfisken.

Reine og funksjonelle lokal klare til dagens produksjon

Raskt i butten
Etter avliving som skjer ved opptak frå dammen, blir fisken flytta til vårt moderne foredlingslokale. Innan 1 time er fisken vaska og reingjort, og klar for butten. Vi nyttar erfaring frå generasjonar med nåtidas hjelpemidlar, og krav til kvalitetssikring. Modning føregår under automatisk temperaturregulering med dagleg kontroll.

Modning
Vi har 3 modningsgrader, mild, lagra og vellagra med variasjon i kvar grad etter kundens ynskje. Alle trinn i prosessen er kvalitetssikra. Der rutinar og prosedyrar er innskjerpa slik at all fisk skal ende med vår jamne kvalitet.

Vår arbeidsmoral er: ”Ein fornøygd kunde er vår sikkerheit”. Rakefisken skaffar oss eit praktfullt vennskap.

Vakumpakking

Heil, skinnfri og filetert fisk blir vakumpakka når fisken er moden, slik kunden ynskjer det.

Oppbevaring av fisken: Laken skal alltid stå over fisken ved videre lagring.Lakeoppskrift på ettiketten .


Øverst dekker vi til med papir, slik at fisken skal halde seg fuktig. Naturlige enzym og mikroorganismar sørgjer for lagringsprosessen. Litt moderne kallast denne prosessen fermentering.



Jamn modningstemperatur er avgjerande for godt resultat. Vi har moderne modningsrom der temperaturen er lik i heile rommet.

Anbefalt temperatur under lagring er -1 til +4°C for ferdig modna rakefisk.
Handes Rakaure
har følgande produkter du kan velge mellom
• 3kg spann:
• 5kg spann:
• 10kg spann:
• Filetert vakuumpakka:
• Skinnfri vakuumpakka:
• Heil vakuumpakka:

Randi Berit og Knut på Nedre Hande, ein middels stor fameliegard i Vestre Slidre.
Kari datter går på Universitetet for mijø- og biovitenskap akvakulturlinja. Med den utdannelsen og hennes gode praktiske erfaring vil og kan ho føre bedifta solid vidare.
Garden ligg ned til Slidrefjorden. Vi driv tradisjonelt med sau, rundt 100 morsauer og får vel 200 lamm i april/ mai. Om sumaren går sauene rundt stølen vår i Baklia.Vi vidreforedler litt av sauene til fenalår, pinnekjøt og spekepøse. Det vil vi gjera meir av når kundene oppdager at vi er flinke også med det. I tillegg driver vi med litt hytteutleige til turistar og andre besøkande. Du er alltid velkomen.

Garden har rike fisketradisjonar både heime og på stølen. Slidrefjorden, Grønsennvatnet og Store Flyvann var veldig gode fiskevann. Difor var det naturleg å videreutvikle dette og gjera eksistensgrunnlaget på garden meir sikkert.

Hande Gard-Fisk Rakfiskspesialist, telefonnummer:

Kontaktpersoner / avdelinger

Knut Hande
tlf:91797991
Randi Hande
tlf:97146785
Kari Hande
tlf:95746466

Kontakt

Forespørselen ble sendt Forespørselen ble ikke sendt
Her kan du enkelt sende en forespørsel til leverandøren direkte fra 180.no. Det er viktig at alle felter fylles ut slik at du er sikret raskest mulig respons. Avslutt med å klikke på Send
Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, Googles Personvernregler og Vilkår gjelder.

Interne telefonnummer

61343141 91797991 97146785

Utvalgte arbeidsområder

Send til
din mobil

Informasjonen er sendt til din mobil