Den gamle fjellgarden Fuglesteg ligg høgt oppe i dalsida over Fortun og er ein opplevelse av dei sjeldne. Plassen vart rydda rundt 1650 og det budde ein, og etterkvart to familiar der oppe i tre hundre år. I 1946 vart det eine bruket fråflytta og i 1968 det andre. Det store toetasjes steinhuset som vart bygt i 1830 vart brannskada i 1985. Luster Turlag har sett i stand huset og dette kulturminnet er no teke i bruk som ubetjent turisthytte. Her er det 23 senger. Låven er og satt i stand og har 8 senger. Fuglesteg egner seg godt til skoleklasser.

Vis mer Steinstova er låst med standard DNT-nøkkel. Det er ikkje mat lagra i husa, men i sommarsesongen har turlaget dagleg servering av hellekaker med rømme/ syltetøy og kaffi/ saft. Fjøsbygningen er no eit stort fellesrom som kan nyttast som selskapslokale, til konsertar og andre større arrangement. Der er bord til å dekka opp til ca 80 personar og stolar til 150 for konsertar og liknande

Det er ein spanande dagstur til Fuglesteg enten frå Fortun eller Turtagrø. For dei som går frå hytte til hytte vil Fuglesteg vera eit naturleg start- eller avslutningspunkt på turen. Det er merka rute til Turtagrø. Då er ein inne på rutenettet til Jotunheimen via Skogadalsbøen eller Fannaråkhytta, og til Breheimen via Stølsdalen. Dessutan er det praktfulle turar å ta på sørsida av Austanbottstindane via Gravdalen til Gravdalen, Avdalen, Vetti eller Stølsmaradalen i Årdal.

Besøk på nabogarden Furåsen kan vera interessant, og derifrå kan ein å gå opp på vårstølen Hovden.

Dersom du ikkje har nøkkel, kan du få tak i den hjå Stein Bugge Næss, 6875 Høyheimsvik (Luster Fjordhytter), tlf. 57 68 65 00. Nøkkelen kostar kr. 100,- (depositum) og du må vera DNT-medlem for å få kjøpe nøkkel.

Fuglesteg kan brukast frå omlag 1. mai til 1. november. I vinterhalvåret kan det vera is, rasfare og farleg å gå opp.

Grupper og skuleklassar kan ta kontakt med turlaget for spesialpris. Kontaktperson Fuglesteg: Stein Bugge Næss tlf. 57 68 65 00 evt. e-post:stein.naess@luster-fjordhytter.com

Fuglesteg, telefonnummer:

Kontakt

Forespørselen ble sendt Forespørselen ble ikke sendt
Her kan du enkelt sende en forespørsel til leverandøren direkte fra 180.no. Det er viktig at alle felter fylles ut slik at du er sikret raskest mulig respons. Avslutt med å klikke på Send
Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, Googles Personvernregler og Vilkår gjelder.

Utvalgte arbeidsområder

Send til
din mobil

Informasjonen er sendt til din mobil