Balder Brygg
Balder Brygg i Leikanger i Sogn starta opp ølproduksjonen sin i juni 2012. Produksjonen er tufta på lokal entusiasme og vidareutvikling av meir enn tusen år gammal vestnorsk heimebryggtradisjon. Ifølgje den eldste norske lovgivinga, Gulatingslova, var det brot på kristenretten å unnlata å bryggja øl. Dette var eit viktig grunnlag for at øltradisjonen heldt seg oppe gjennom årtider med svarteprestar og fordømming av denne «gudegåva til menneska». På Austlandet tok spriten styringa og øltradisjonen fall bort.
Vis mer Det faktum at Leikanger har 35-40 aktive heimebryggjarceller, understøttar forankringa vår og gir Balder Brygg eit eineståande utgangspunkt for å vidareutvikle desse vestnorske tradisjonane. Betre styring av prosessen og bruk av moderne gjærkulturar skal sikre resultatet og tydeleggjere profilen vår, samtidig som den vestlandske øltradisjonen vidareutviklast.
Balder satsar primært på produksjon av lagerøl (undergjæring). Dette er ei unik satsing for eit mikrobryggjeri. Undergjæren løftar den gamle øltradisjonen til nye høgder for dei øltypane der vi vil framheve maltet som ølet sin kropp, slik vi gjer med vår Sognapils, Sognapils Extra, Vårøl, Julebukk, Turken, Kjedlarpils og Eplepils. Sidan vi ikkje vil filtrere ølet vårt, krev denne produksjonsteknikken lengre gjæringstid og betydeleg lengre lagringstid enn overgjæra øl (ale). Denne ekstrakostnaden håpar vi at kundane våre er villige til å betale for ekstra god smak og klårare øl.
Vår Gammal-Ole, derimot, er ei rein vidareføring av gammal tradisjon utan ovannemnte forbetringar. Dette ølet representerer det typiske vestnorske heimabryggjet, slik vestlandske vikingar truleg tok det med til England, der denne tradisjonen er halden ved like gjennom dei såkalla old ale-ane.
Også vår Bergen Pale Ale (BPA) er overgjæra. Men vår pale ale skal ikkje dra sjøvegen til India, slik IPA-en skulle. Vår BPA skal berre over Vikafjellet og ned til Bergen. Humlinga er difor meir beskjeden, men gir frisk og sitrusprega lukt og smak – både i sin opphavlege 5,7 %-versjon og i butikkversjonen (4,7 %).
Tradisjonsbaserte produkt er kopla med tradisjonsbundne namn. Balder Brygg hentar inspirasjon til namn og logo frå den 8 meter høge bautaen Baldersteinen i Balders hage. Her trakka Harald Hårfagre sine barnebein, inntil han vart flytta til Karmøya.
Balder Brygg satsar på kvalitet og nisjar. Ei klar nisje er altså vårt undergjæra øl. På denne måten foredlar vi det gode i gammal, lokal heimebryggtradisjon – ølet som sjølv gudane elskar – og deler det med våre kresne kundar.
At øl er kultur og tradisjon, er ingen floskel i Balder Brygg!
Kontaktperson
Kontakt
Regnskapstall
Øvrig regnskapsinformasjon for Balder Brygg AS er også tilgjengelig for 2018 / 2017 / 2016 / 2015.
Resultatregnskap | 2019 | 2018 | 2017 | 2016 | 2015 |
---|---|---|---|---|---|
Driftsinntekter (omsetning) | 1 506 | 1 810 | 1 707 | 2 016 | 2 976 |
Driftsresultat | -1 564 | -653 | -650 | -671 | -723 |
Resultat før skatt | -1 640 | -747 | -739 | -764 | -818 |
Årsresultat (overskudd) | -2 704 | -560 | -600 | -604 | -644 |
Årsresultat (overskudd)
Driftsinntekter (omsetning)
Interne telefonnummer
Utvalgte arbeidsområder
julebukk, yr vossing, fela vossing, øl, ølproduksjon, pub, bergen pale ale, fccepleøl, epleøl, sogning, mikrobryggeri, harding, vårbokk, port, drikke, turken, grinder, bpa, servering, bryggeri, ekstrem vossing, engross, vårøl, lagerøl, produksjon, porter, sognapils extra, undergjæring, vårbukk, lagerøl, grind, microbryggeri, balderbrygg.no, pale ale, kjedlarpils, sognapils, kvalitet, eplepils, alkohol, heimebryggarlag